2 Manasse gjorde det som vondt var i Herrens auge, og tok etter alle avskyelege skikkar hos dei folkeslaga Herren hadde drive bort for israelittane.
3 Han bygde opp att offerhaugane som Hiskia, far hans, hadde rive ned, reiste altar for Baal-gudane og laga Asjera-pålar, og han tilbad og dyrka heile himmelhæren.
4 Sjølv i Herrens hus bygde han slike altar, endå Herren hadde sagt: «I Jerusalem skal namnet mitt vera til evig tid.»
5 I begge føregardane til tempelet bygde han altar for heile himmelhæren.
6 Manasse lét sønene sine gå gjennom elden i Hinnom-dalen. Han dreiv med teikntyding, spådomskunster og trolldom, og han søkte råd hos åndemanarar og spåmenn. Manasse gjorde mykje som var vondt i Herrens auge, og gjorde han rasande.
7 Gudebiletet som Manasse fekk laga, sette han opp i Guds hus, sjølv om Gud hadde sagt til David og Salomo, son hans: «I dette tempelet og i Jerusalem, som eg har valt ut mellom alle Israel-stammane, vil eg la namnet mitt bu til evig tid.
8 Og eg vil aldri meir la Israel vandra langt bort frå det landet som eg ville at fedrane deira skulle ha, så sant dei legg vinn på å gjera alt det eg har sagt dei, og lever etter heile den lova og alle dei forskrifter og bod som dei har fått gjennom Moses.»