1 Josjia var åtte år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i trettiein år.
2 Josjia gjorde det som rett var i Herrens auge. Han følgde dei same vegane som David, stamfar sin, og bøygde ikkje av, korkje til høgre eller venstre.
3 I det åttande styringsåret sitt, då han endå var ung, tok han til å søkja Gud til David, stamfar sin. Og i det tolvte året tok han til å reinsa Juda og Jerusalem for offerhaugar og Asjera-pålar og for utskorne og støypte gudebilete.
4 Medan han såg på, reiv dei ned altara for Baal-gudane, og røykjelsesaltara som stod oppå dei, hogg han sund. Asjera-pålane og dei utskorne og støypte bileta knuste han til støv, som han strødde på gravene til folk som hadde ofra til dei.