11 Dei gav òg pengar til tømrarane og bygningsmennene så dei kunne kjøpa inn hoggen stein og tømmer til tverrbjelkar. Dei skulle tømra opp att dei bygningane som Juda-kongane hadde late forfalla.
12 Mennene arbeidde trufast. Levittane Jahat og Obadja av Merari-sønene og Sakarja og Mesjullam av Kehat-sønene hadde tilsynet med dei og leiinga av arbeidet. Dei levittane som var musikarar,
13 hadde tilsyn med berarane og leidde alle dei som gjorde arbeid av ymse slag. Andre levittar var skrivarar, arbeidsformenn og dørvaktarar.
14 Medan dei heldt på med å ta fram pengane som var innkomne til Herrens hus, fann presten Hilkia ein bokrull med Herrens lov som var gjeven ved Moses.
15 Då tok Hilkia til orde og sa til riksskrivaren Sjafan: «Eg har funne ein bokrull med lova i Herrens hus.» Og han gav rullen til Sjafan.
16 Sjafan tok bokrullen med seg til kongen, og samstundes melde han: «Tenarane dine gjer alt det som er pålagt dei.
17 Sølvet som fanst i Herrens hus, har dei smelta om og gjeve til tilsynsmennene og arbeidsleiarane.»