30 Sidan gjekk han opp til Herrens hus, og alle judearane og dei som budde i Jerusalem – prestane og levittane, heile folket, både gamle og unge – følgde han. Han las opp for dei alt det som stod skrive i paktboka som var funnen i Herrens hus.
31 Kongen stilte seg opp på plassen sin og gjorde ei pakt for Herrens andlet: Folket skulle følgja Herren og halda hans bod, reglar og forskrifter av heile sitt hjarte og heile si sjel. Alle dei paktorda som var skrivne i denne bokrullen, skulle dei halda.
32 Så lét han alle som var til stades i Jerusalem og Benjamin, gå med i pakta. Og dei som budde i Jerusalem, levde etter den pakta dei hadde gjort med Gud, sine fedrars Gud.
33 Josjia tok bort alt som var avskyeleg, frå alle landområda som høyrde israelittane til, og han sytte for at alle som fanst i Israel, dyrka Herren sin Gud. Så lenge han levde, vende dei seg ikkje bort frå Herren, sine fedrars Gud.