4 Medan han såg på, reiv dei ned altara for Baal-gudane, og røykjelsesaltara som stod oppå dei, hogg han sund. Asjera-pålane og dei utskorne og støypte bileta knuste han til støv, som han strødde på gravene til folk som hadde ofra til dei.
5 Knoklane til prestane brende han på deira eigne altar. Slik reinsa han Juda og Jerusalem.
6 Også i byane i Manasse, Efraim og Simon, ja, heilt til Naftali, la han alt i ruinar på alle kantar.
7 Då han hadde rive ned altara og Asjera-pålane, knust dei utskorne bileta til støv og hogge ned alle røykjelsesaltara i heile Israel, vende han heim att til Jerusalem.
8 I det attande styringsåret til kong Josjia, då han hadde reinsa landet og tempelet, sende han Sjafan, son til Asalja, saman med byhovdingen Maaseja og kanslaren Joah, son til Joahas, av stad for å setja i stand huset til Herren hans Gud.
9 Då dei kom til Hilkia, øvstepresten, gav dei han dei pengane som var komne inn til Guds hus. Det var dei pengane som levittane, dørvaktarane, hadde samla inn frå Manasse og Efraim og frå heile resten av Israel, frå heile Juda og Benjamin og frå dei som budde i Jerusalem.
10 Dei gav pengane til arbeidsleiarane som hadde tilsyn med Herrens hus. Og dei gav dei vidare til handverkarane som arbeidde i Herrens hus med å undersøkja og reparera skadane der.