9 Då dei kom til Hilkia, øvstepresten, gav dei han dei pengane som var komne inn til Guds hus. Det var dei pengane som levittane, dørvaktarane, hadde samla inn frå Manasse og Efraim og frå heile resten av Israel, frå heile Juda og Benjamin og frå dei som budde i Jerusalem.
10 Dei gav pengane til arbeidsleiarane som hadde tilsyn med Herrens hus. Og dei gav dei vidare til handverkarane som arbeidde i Herrens hus med å undersøkja og reparera skadane der.
11 Dei gav òg pengar til tømrarane og bygningsmennene så dei kunne kjøpa inn hoggen stein og tømmer til tverrbjelkar. Dei skulle tømra opp att dei bygningane som Juda-kongane hadde late forfalla.
12 Mennene arbeidde trufast. Levittane Jahat og Obadja av Merari-sønene og Sakarja og Mesjullam av Kehat-sønene hadde tilsynet med dei og leiinga av arbeidet. Dei levittane som var musikarar,
13 hadde tilsyn med berarane og leidde alle dei som gjorde arbeid av ymse slag. Andre levittar var skrivarar, arbeidsformenn og dørvaktarar.
14 Medan dei heldt på med å ta fram pengane som var innkomne til Herrens hus, fann presten Hilkia ein bokrull med Herrens lov som var gjeven ved Moses.
15 Då tok Hilkia til orde og sa til riksskrivaren Sjafan: «Eg har funne ein bokrull med lova i Herrens hus.» Og han gav rullen til Sjafan.