1 Så heldt Josjia påske for Herren i Jerusalem. Dei slakta påskelammet den fjortande dagen i den første månaden.
2 Kongen sette prestane til dei oppgåvene dei skulle ha, og sette mot i dei til tenesta i Herrens hus.
3 Og til levittane, som underviste heile Israel og var helga til Herren, sa han: «Set den heilage paktkista i det tempelet som Israels-kongen Salomo, son til David, har bygd. De skal ikkje bera henne på akslene lenger. No skal de tena Herren dykkar Gud og Israel, folket hans.
4 Gjer dykk ferdige, familie for familie og skift for skift, slik som David, Israels konge, og Salomo, son hans, har føreskrive.
5 Still dykk opp i heilagdomen etter den inndelinga i familiar som gjeld brørne dykkar av folket, og etter den familieinndelinga som gjeld for levittane.
6 Så skal de slakta påskelammet. De skal helga dykk og gjera alt i stand for brørne dykkar, så det blir gjort slik Herren har sagt gjennom Moses.»