10 Slik vart tenesta ordna. Prestane stilte seg på plassane sine, og levittane stilte seg opp skift for skift, slik kongen hadde påbode.
11 Påskelamma vart slakta, og prestane tok blodet og stenka det, medan levittane flådde dyra.
12 Det som skulle brukast til brennofferet, la dei til sides for å gje det til folket slik det var inndelt i familiar. Dei skulle ofra det til Herren slik det står skrive i Moseboka. Med oksane skulle dei gjera like eins.
13 Påskelammet steikte dei over elden slik det var føreskrive, og dei andre heilage gåvene kokte dei i gryter, kjelar og panner. Så skunda dei seg og bar det ut til heile folket.
14 Sidan laga dei i stand til seg sjølve og til prestane. For prestane, Aron-sønene, heldt på med å bera fram brennoffer og feitt heilt til det vart natt. Difor laga levittane i stand til seg sjølve og til prestane, Aron-sønene.
15 Songarane, Asaf-sønene, stod på plassane sine slik som David, Asaf, Heman og Jedutun, sjåaren til kongen, hadde fastsett, medan portvaktene stod ved kvar sin port. Ingen av dei trong gå frå tenesta si, for brørne deira, levittane, laga i stand til dei.
16 Slik vart heile tenesta for Herren ordna den dagen så dei kunne halda påske og bera fram brennoffer på Herrens altar, slik kong Josjia hadde påbode.