12 Det som skulle brukast til brennofferet, la dei til sides for å gje det til folket slik det var inndelt i familiar. Dei skulle ofra det til Herren slik det står skrive i Moseboka. Med oksane skulle dei gjera like eins.
13 Påskelammet steikte dei over elden slik det var føreskrive, og dei andre heilage gåvene kokte dei i gryter, kjelar og panner. Så skunda dei seg og bar det ut til heile folket.
14 Sidan laga dei i stand til seg sjølve og til prestane. For prestane, Aron-sønene, heldt på med å bera fram brennoffer og feitt heilt til det vart natt. Difor laga levittane i stand til seg sjølve og til prestane, Aron-sønene.
15 Songarane, Asaf-sønene, stod på plassane sine slik som David, Asaf, Heman og Jedutun, sjåaren til kongen, hadde fastsett, medan portvaktene stod ved kvar sin port. Ingen av dei trong gå frå tenesta si, for brørne deira, levittane, laga i stand til dei.
16 Slik vart heile tenesta for Herren ordna den dagen så dei kunne halda påske og bera fram brennoffer på Herrens altar, slik kong Josjia hadde påbode.
17 Dei israelittane som var til stades den gongen, heldt påske og feira høgtida med usyra brød i sju dagar.
18 Ei slik påske hadde ikkje vore halden i Israel sidan dagane til profeten Samuel. Ingen av Israels kongar hadde halde ei slik påskehelg som den Josjia feira saman med prestane og levittane, alle judearane og dei israelittane som var til stades, og dei som budde i Jerusalem.