3 Men kongen i Egypt avsette han i Jerusalem, og av landet kravde han ei bot på hundre talentar sølv og ein talent gull.
4 Så sette Neko, kongen i Egypt, Eljakim, bror hans, til konge over Juda og Jerusalem og endra namnet hans til Jojakim. Joahas, bror hans, tok Neko med seg til Egypt.
5 Jojakim var tjuefem år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i elleve år. Han gjorde det som vondt var i Herren hans Guds auge.
6 Kong Nebukadnesar av Babel drog opp mot han. Han batt han med bronselenkjer for å føra han til Babel.
7 Nebukadnesar tok òg med seg tempelutstyr frå Herrens hus til Babel og sette det i tempelet sitt der.
8 Det som elles er å seia om Jojakim, om det avskyelege han gjorde, og som han vart funnen skuldig i, det står skrive i boka om Israels- og Juda-kongane. Jojakin, son hans, vart konge etter han.
9 Jojakin var åtte år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tre månader og ti dagar. Han gjorde det som vondt var i Herrens auge.