7 Nebukadnesar tok òg med seg tempelutstyr frå Herrens hus til Babel og sette det i tempelet sitt der.
8 Det som elles er å seia om Jojakim, om det avskyelege han gjorde, og som han vart funnen skuldig i, det står skrive i boka om Israels- og Juda-kongane. Jojakin, son hans, vart konge etter han.
9 Jojakin var åtte år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tre månader og ti dagar. Han gjorde det som vondt var i Herrens auge.
10 Ved årsskiftet sende kong Nebukadnesar bod og lét han henta til Babel, saman med kostesame ting frå Herrens hus. Så gjorde han Sidkia, bror til Jojakin, til konge i Juda og Jerusalem.
11 Sidkia var tjueein år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i elleve år.
12 Han gjorde det som vondt var i Herren hans Guds auge. Og han audmjuka seg ikkje for Jeremia, profeten som tala ord frå Herrens munn.
13 Sidkia gjorde jamvel opprør mot kong Nebukadnesar, som hadde late han sverja seg truskap ved Gud. Han var stivnakka og hardhjarta og ville ikkje venda om til Herren, Israels Gud.