1 Salomo laga eit bronsealtar. Det var tjue alner langt, tjue alner breitt og ti alner høgt.
2 Så laga han havet av støypt metall. Det var sirkelforma og målte ti alner frå kant til kant. Høgda var fem alner, og omkrinsen var tretti alner målt med målesnor.
3 Nedanfor kanten var det bilete av oksar heile vegen rundt. Dei omkransa heile havet, ti på kvar alen. Det var to rader med oksar, støypte i eitt med havet.
4 Havet stod på tolv oksar. Tre snudde mot nord, tre mot vest, tre mot sør og tre mot aust, og dei stod alle med bakkroppen innover. Havet kvilte på dei.
5 Det var ei handsbreidd tjukt, og kanten var laga som kanten på eit beger, forma som ei lilje. Det tok tre tusen bat.