10 Havet sette han på høgre sida, mot søraust.
11 Hiram laga grytene, eldskuffene og offerskålene. Med dette hadde Hiram fullført det handverksarbeidet han skulle gjera for kong Salomo i Guds hus:
12 to søyler; to skåler på søylehovuda øvst på søylene; to slyngornament til å dekkja dei to skålene;
13 dei fire hundre granatepla til dei to slyngornamenta – to rader med granateple til kvart ornament, til å dekkja dei to skålene på søylehovuda øvst på søylene.
14 Han laga vognstativa og fata til kvart av dei,
15 havet – det var berre eitt – og dei tolv oksane under det,
16 grytene, eldskuffene og gaflane. Alt dette utstyret som meisteren Hiram laga for kong Salomo til Herrens hus, var av polert bronse.