16 grytene, eldskuffene og gaflane. Alt dette utstyret som meisteren Hiram laga for kong Salomo til Herrens hus, var av polert bronse.
17 Det var på Jordan-sletta kongen fekk dei støypte, i den tjukke leirjorda mellom Sukkot og Sereda.
18 Salomo laga alt dette utstyret i slike mengder at det ikkje lét seg seia kor mykje bronsen vog.
19 Salomo fekk òg laga alt det andre som skulle vera i Guds hus: gullaltaret og borda som skodebrøda skulle liggja på,
20 lysestakane med lamper som skulle kveikjast etter forskriftene – dei stod framfor Det høgheilage og var av reint gull –
21 blomeornamenta, lampene og tengene av gull, ja, av det finaste gull,
22 lysesaksene, offerskålene, kannene og glopannene av reint gull. Inngangsdørene til tempelet, både dei indre dørene til Det høgheilage og dørene inn til sjølve tempelet, var av gull.