4 Havet stod på tolv oksar. Tre snudde mot nord, tre mot vest, tre mot sør og tre mot aust, og dei stod alle med bakkroppen innover. Havet kvilte på dei.
5 Det var ei handsbreidd tjukt, og kanten var laga som kanten på eit beger, forma som ei lilje. Det tok tre tusen bat.
6 Så laga han ti fat og sette fem på høgre og fem på venstre sida. Dei skulle nyttast til vasking. Det som høyrde brennoffera til, vart skylt i dei. Men prestane skulle vaska seg i havet.
7 Han laga òg ti lysestakar av gull etter forskriftene for dei og sette dei i tempelet, fem på høgre og fem på venstre sida.
8 Han laga ti bord som han stilte opp i tempelet, fem på høgre og fem på venstre sida. Han laga òg hundre offerskåler av gull.
9 Så bygde han føregarden for prestar og den store føregarden med dører til. Dørene kledde han med bronse.
10 Havet sette han på høgre sida, mot søraust.