1 Då sa Salomo: Herren har sagtat han vil bu i ei mørk sky.
2 Men no har eg bygd deg ein staseleg bustad,ein stad der du kan bu i all tid.
3 Så snudde kongen seg og velsigna heile Israels forsamling medan dei stod.
4 Han sa: Velsigna er Herren, Israels Gud, som med sine hender har fullført det han med sin munn lova David, far min, då han sa:
5 «Frå den dagen eg førte Israel, folket mitt, ut frå Egypt, har eg ikkje valt ut nokon by i alle Israel-stammane for at det skulle byggjast eit hus der til bustad for namnet mitt. Eg valde heller ikkje ut nokon til å vera fyrste over Israel, folket mitt.
6 Men så valde eg ut Jerusalem til bustad for namnet mitt, og eg valde David til å råda over Israel, folket mitt.»
7 David, far min, hadde i tankar å byggja eit hus for namnet til Herren, Israels Gud.