16 Så hald då, Herre, Israels Gud, den lovnaden du gav din tenar David, far min, då du sa: «Det skal aldri mangla ein mann av di ætt til å sitja på Israels kongsstol for mitt andlet, så sant sønene dine aktar på si ferd og held seg til mi lov, slik som du har gjort.»
17 Lat det no stå fast, Herre, Israels Gud, det ordet du tala til din tenar David!
18 Men bur Gud verkeleg på jorda hos menneska? Sjå, himmelen og himlars himmel kan ikkje rømma deg, langt mindre dette huset som eg har bygd!
19 Vend deg mot bøna til tenaren din og ropet hans om nåde, Herre, min Gud! Høyr ropet frå tenaren din og den bøna han bed for ditt andlet!
20 Hald auga dine opne over dette huset dag og natt. Vak over den staden der du har lova at namnet ditt skal bu. Høyr dei bønene som tenaren din ber fram, vend mot denne staden!
21 Ja, høyr den bøna om nåde som tenaren din og Israel, folket ditt, bed, vende mot denne staden! Høyr dei frå himmelen der du bur, høyr og tilgjev!
22 Når ein mann skader nesten sin og det blir kravd at han skal gjera eid, og han så kjem og sver framfor altaret ditt i dette huset,