22 Når ein mann skader nesten sin og det blir kravd at han skal gjera eid, og han så kjem og sver framfor altaret ditt i dette huset,
23 då må du høyra det i himmelen, gripa inn og skifta rett mellom tenarane dine. Gjev den urettferdige att, lat framferda hans koma att på han sjølv! Frikjenn den rettferdige og lat han få løn for si rettferd!
24 Når Israel, folket ditt, blir slege av fienden fordi dei har synda mot deg, men så vender om og prisar namnet ditt, bed og ropar til deg om nåde i dette huset,
25 då må du høyra det frå himmelen og tilgje Israel, folket ditt, synda deira. Før dei tilbake til det landet du gav dei og fedrane deira.
26 Når himmelen er stengd så det ikkje kjem regn fordi dei har synda mot deg, men dei så bed til deg, vende mot denne staden, prisar namnet ditt og vender om frå synda si fordi du har audmjuka dei,
27 då må du høyra det i himmelen og tilgje tenaren din og Israel, folket ditt, synda deira. For du lærer dei den gode vegen dei skal gå. Send då regn over landet ditt, landet du har gjeve folket ditt som eigedom.
28 Når det blir hunger og naud i landet, når det kjem pest, når det kjem kornsot og svartrust, grashopper og larvar, når fiendar kringset byane i landet – same kva slag plage og sjukdom det er –