29 og så ein eller annan eller heile folket ditt, Israel, ber fram bøner og rop om nåde fordi kvar og ein kjenner si plage og si smerte, og breier ut hendene sine mot dette huset,
30 då må du høyra det i himmelen der du tronar. Tilgjev og gjev kvar og ein att etter framferda hans, du som kjenner hjartet hans. For du er den einaste som kjenner hjartet i mennesket!
31 Så skal dei frykta deg og gå på dine vegar alle dei dagane dei lever i landet du gav fedrane våre.
32 Det kan òg henda at framande som ikkje høyrer Israel, folket ditt, til, kjem frå eit land langt borte på grunn av ditt store namn, di sterke hand og din strake arm. Når dei så kjem og ber fram bønene sine, vende mot dette huset,
33 då må du høyra dei frå himmelen der du tronar, og gjera alt det dei ropar til deg om! Slik skal alle folk på jorda læra namnet ditt å kjenna, og dei skal frykta deg liksom ditt eige folk, Israel, og vita at namnet ditt er nemnt over dette huset som eg har bygd.
34 Når folket ditt dreg ut i krig mot fienden, kvar du så sender dei, og dei bed til deg, vende mot den byen som du har valt deg ut, og mot det huset som eg har bygd for namnet ditt,
35 då må du frå himmelen høyra bønene deira og ropa om nåde og hjelpa dei til deira rett.