33 då må du høyra dei frå himmelen der du tronar, og gjera alt det dei ropar til deg om! Slik skal alle folk på jorda læra namnet ditt å kjenna, og dei skal frykta deg liksom ditt eige folk, Israel, og vita at namnet ditt er nemnt over dette huset som eg har bygd.
34 Når folket ditt dreg ut i krig mot fienden, kvar du så sender dei, og dei bed til deg, vende mot den byen som du har valt deg ut, og mot det huset som eg har bygd for namnet ditt,
35 då må du frå himmelen høyra bønene deira og ropa om nåde og hjelpa dei til deira rett.
36 Når folket syndar mot deg – for det finst ikkje noko menneske som ikkje syndar – så blir du harm på dei og gjev dei i fiendens hand, som fører dei i fangenskap til eit anna land, anten det no er langt borte eller nær.
37 Men så går dei i seg sjølve i det landet der dei blir haldne i fangenskap, og vender om og bed til deg om nåde der i landet og seier: «Vi har synda, bore oss ille åt og gjort urett.»
38 Vender dei då om til deg av heile sitt hjarte og heile sin hug i det landet der dei er i fangenskap, hos dei som tok dei til fange, og bed til deg, vende mot det landet du gav fedrane deira, mot byen som du har valt ut, og mot huset som eg har bygd for namnet ditt,
39 då må du frå himmelen der du tronar, høyra bønene deira og ropa deira om nåde og hjelpa dei til deira rett. Tilgjev folket ditt det dei har synda mot deg!