38 Vender dei då om til deg av heile sitt hjarte og heile sin hug i det landet der dei er i fangenskap, hos dei som tok dei til fange, og bed til deg, vende mot det landet du gav fedrane deira, mot byen som du har valt ut, og mot huset som eg har bygd for namnet ditt,
39 då må du frå himmelen der du tronar, høyra bønene deira og ropa deira om nåde og hjelpa dei til deira rett. Tilgjev folket ditt det dei har synda mot deg!
40 Og no, min Gud, hald auga dine opne og øyra dine vende mot bøna som stig opp frå denne staden!
41 Reis deg no, Herre, min Gud,og kom til din kvilestad,du og paktkista, som er din styrke.Prestane dine, Herre, min Gud,skal kle seg i frelse,dine trugne skal gleda segover det gode.
42 Herre, min Gud, vis ikkje frå deg dei du har salva,men hugs din truskap mot David, tenaren din!