9 Likevel, det er ikkje du som skal byggja huset, men son din, som er av ditt eige kjøt og blod. Han skal byggja huset for namnet mitt.»
10 No har Herren halde det ordet han tala. Eg har følgt etter David, far min, og teke sete på Israels kongsstol, slik Herren har sagt, og eg har bygd huset for namnet til Herren, Israels Gud.
11 Der har eg sett paktkista som inneheld den pakta Herren gjorde med israelittane.
12 Så stod Salomo fram for Herrens altar midt framfor heile Israels forsamling og breidde hendene ut.
13 Han hadde laga ei plattform av bronse og sett henne midt i tempelgarden. Ho var fem alner lang, fem alner brei og tre alner høg. På den stod han no. Så fall han på kne framfor heile Israels forsamling, breidde hendene ut mot himmelen
14 og sa: Herre, Israels Gud! Det finst ingen Gud som du, korkje i himmelen eller på jorda. Du held pakta og viser truskap mot tenarane dine når dei ferdast heilhjarta for ditt andlet.
15 Du har halde den lovnaden du gav din tenar David, far min. Med di hand har du oppfylt det du lova med din munn, som det viser seg i dag.