1 Då Salomo hadde enda bøna si, fór det eld ned frå himmelen. Elden åt opp brennofferet og slaktoffera, og Herrens herlegdom fylte huset.
2 Prestane kunne ikkje gå inn i Herrens hus. For Herrens hus var fylt av Herrens herlegdom.
3 Då alle israelittane såg elden og Herrens herlegdom koma ned over huset, fall dei på kne på steinhellene med andletet mot jorda og tilbad og lova Herren: «For han er god, evig varer hans miskunn.»
4 Så ofra kongen og heile folket slaktoffer til Herren.
5 Det offeret som kong Salomo då bar fram, var 22 000 oksar og 120 000 sauer. Slik vigsla kongen og heile folket Guds hus.
6 Prestane stod klare til teneste, levittane stod med Herrens musikkinstrument i hendene, dei som kong David hadde laga for å lovprisa Herren med orda: «Evig varer hans miskunn.» Med dei lovsong David Herren. Midt imot levittane bles prestane i trompetar, medan alle israelittane stod.