14 Dersom då dette folket som namnet mitt er nemnt over, audmjukar seg og bed, søkjer meg og vender seg bort frå sine vonde vegar, skal eg høyra dei frå himmelen, tilgje syndene deira og lækja landet.
15 No vil eg halda auga opne og øyra vende mot kvar bøn som stig opp frå denne staden.
16 Eg har valt ut dette huset og helga det så namnet mitt skal vera der til evig tid. Auga mine og hjartet mitt skal alltid vera vende mot det.
17 Og du, så sant du ferdast for mitt andlet som David, far din, gjorde, og så sant du gjer alt det eg har sagt deg, og held forskriftene og lovene mine,
18 då skal eg tryggja din kongsstol, etter den pakta eg gjorde med David, far din, då eg sa: «Det skal aldri mangla ein mann av di ætt til å råda over Israel.»
19 Men vender de dykk bort og forlèt dei forskriftene og boda som eg har gjeve dykk, så de tek til å dyrka andre gudar og tilbe dei,
20 då skal eg rykkja dykk opp av det landet eg har gjeve dykk. Og dette huset som eg har helga til namnet mitt, vil eg kasta bort frå mitt andlet. Eg gjer det til eit ordtak og eit spottord mellom alle folk.