17 Og du, så sant du ferdast for mitt andlet som David, far din, gjorde, og så sant du gjer alt det eg har sagt deg, og held forskriftene og lovene mine,
18 då skal eg tryggja din kongsstol, etter den pakta eg gjorde med David, far din, då eg sa: «Det skal aldri mangla ein mann av di ætt til å råda over Israel.»
19 Men vender de dykk bort og forlèt dei forskriftene og boda som eg har gjeve dykk, så de tek til å dyrka andre gudar og tilbe dei,
20 då skal eg rykkja dykk opp av det landet eg har gjeve dykk. Og dette huset som eg har helga til namnet mitt, vil eg kasta bort frå mitt andlet. Eg gjer det til eit ordtak og eit spottord mellom alle folk.
21 Om dette huset er aldri så ruvande, skal alle som fer framom, bli forfærde og spotta og spørja: «Kvifor har Herren gjort slik med dette landet og dette huset?»
22 Og då skal folk svara: «Det er fordi dei forlét Herren, deira fedrars Gud, han som førte dei ut frå Egypt, og heldt seg til andre gudar, som dei tilbad og dyrka. Difor har han ført all denne ulukka over dei.»