7 Så helga Salomo den midtre delen av føregarden framfor Herrens hus. Der bar han fram brennoffera og feittstykka frå fredsofferet. For bronsealtaret som Salomo hadde laga, kunne ikkje rømma både brennofferet, grødeofferet og feittstykka.
8 I sju dagar feira Salomo høgtida den gongen, og heile Israel med han. Det var ei stor forsamling som var komen saman heilt frå Lebo-Hamat til Egyptarbekken.
9 Den åttande dagen heldt dei ei høgtidssamling. For dei hadde feira vigslinga av altaret i sju dagar, og høgtida hadde dei feira i sju dagar.
10 På den tjuetredje dagen i den sjuande månaden lét kongen folket fara heim att. Dei var lukkelege og glade for det gode Herren hadde gjort mot David og Salomo og mot Israel, folket sitt.
11 No hadde Salomo fullført både Herrens hus og kongeborga. Alt det han hadde sett seg føre å gjera med Herrens hus og sitt eige hus, hadde lukkast for han.
12 Då synte Herren seg for han om natta og sa til han: Eg har høyrt bøna di, og eg har valt ut denne staden til offertempel for meg.
13 No kan det henda at eg stengjer himmelen så det ikkje kjem regn, og byd grashoppene eta opp landet eller sender pest mellom folket mitt.