3 Så drog Salomo til Hamat-Soba og tok byen.
4 Han bygde opp att Tadmor i ørkenen og alle byane med lagerhus som han hadde bygd i Hamat.
5 Like eins bygde han opp att Øvre Bet-Horon og Nedre Bet-Horon til festningsbyar med murar, portar og bommar,
6 og Baalat og alle byane der Salomo hadde lagerhus, og alle dei byane der han hadde vognene og hestane sine. Han bygde òg alt han ønskte seg både i Jerusalem og i Libanon, i heile det riket han rådde over.
7 Framleis var det att i landet hetittar, amorittar, perisittar, hevittar og jebusittar, folk som ikkje høyrde Israel til.
8 Salomo la pliktarbeid på etterkomarane av desse folka, så mange som endå var att i landet fordi israelittane ikkje hadde gjort ende på dei. Slik har det vore til denne dag.
9 Men han sette ingen av israelittane til å gjera slavearbeid; dei var krigarar, offiserar, vognkommandantar og ryttarar.