9 Men han sette ingen av israelittane til å gjera slavearbeid; dei var krigarar, offiserar, vognkommandantar og ryttarar.
10 Arbeidsformennene til kong Salomo var to hundre og femti i talet. Dei hadde tilsyn med arbeidsfolket.
11 Salomo førte dotter til farao frå Davidsbyen opp til det huset han hadde bygd for henne. Han sa: «Det skal ikkje bu noka kvinne i huset til David, Israels-kongen. For det er heilagt, sidan Herrens paktkiste er komen dit.»
12 Så ofra Salomo brennoffer til Herren på Herrens altar som han hadde bygd framfor forhallen.
13 Kvar dag ofra han så mykje som Moses hadde påbode, på sabbatsdagane og nymånedagane og på dei tre høgtidene i året: høgtida med usyra brød, vekefesten og lauvhyttefesten.
14 Etter den forskrifta som David, far hans, hadde gjeve, fastsette han skiftordninga for prestane i tenesta deira, og tenesta for levittane og for dørvaktarane ved dei ulike portane, skift for skift. Tenesta for levittane var å syngja lovsongar og hjelpa prestane i tenesta etter som det trongst for kvar dag. For dette hadde David, gudsmannen, påbode.
15 Dei veik ikkje av frå det som kongen hadde bode når det gjaldt prestane og levittane, korkje om skattkammera eller noko anna.