1 Då dronninga av Saba fekk høyra om Salomo, kom ho og ville prøva han med gåter. Ho kom til Jerusalem med eit stort følgje og med kamelar som bar balsamoljar, mengder av gull og edelsteinar. Ho steig fram for Salomo og tala med han om alt som låg henne på hjartet.
2 Og Salomo gav henne svar på alt det ho spurde om. Det fanst ikkje noko som var løynt for kongen så han ikkje kunne gje henne svar.
3 Då dronninga av Saba fekk sjå visdomen til Salomo, huset han hadde bygd,
4 rettene på bordet hans, hoffmennene der dei sat, tenarane som varta opp, og kleda deira, munnskjenkane og kleda deira, og prosesjonen når han gjekk opp til Herrens hus, mista ho heilt pusten.
5 Ho sa til kongen: «Så var det då sant, det eg høyrde heime i landet mitt om deg og visdomen din!