12 Kong Salomo gav dronninga av Saba alt det ho hadde lyst på og bad om, i tillegg til gåver som takk for det ho hadde hatt med til kongen. Så braut ho opp og drog heim att til landet sitt saman med tenarane sine.
13 Det gullet som Salomo fekk inn på eitt år, vog 666 talentar.
14 Attåt det kom avgiftene frå dei handelsreisande og kjøpmennene som innførte varer. Alle arabarkongane og statthaldarane i landet kom òg med gull og sølv til Salomo.
15 Kong Salomo fekk laga to hundre store skjold av hamra gull; til kvart skjold gjekk det med seks hundre sjekel gull.
16 Han fekk òg laga tre hundre små skjold av hamra gull; til kvart av dei gjekk det med tre hundre sjekel gull. Alle desse skjolda sette kongen i Libanon-skoghuset.
17 Kongen fekk òg laga ein stor kongsstol av elfenbein og kledde han med reint gull.
18 Kongsstolen hadde seks trappesteg og ein fotskammel av gull, som var fest til han. På begge sider av setet var det armlene, og ved kvart av dei stod det ei løve.