17 Kongen fekk òg laga ein stor kongsstol av elfenbein og kledde han med reint gull.
18 Kongsstolen hadde seks trappesteg og ein fotskammel av gull, som var fest til han. På begge sider av setet var det armlene, og ved kvart av dei stod det ei løve.
19 På dei seks trappestega stod det tolv løver, seks på kvar side. Ein slik kongsstol har aldri vore laga i noko anna kongerike.
20 Alle drikkekara til kong Salomo var av gull, og alt utstyret i Libanon-skoghuset var av reint gull. Sølv vart ikkje rekna for noko i Salomos dagar.
21 For kongen hadde skip som gjekk til Tarsis med nokre av mennene til Hiram. Ein gong kvart tredje år kom Tarsis-skipa heim, lasta med gull og sølv, elfenbein, apekattar og påfuglar.
22 Kong Salomo vart større enn alle kongane på jorda i rikdom og visdom.
23 Og alle kongane på jorda søkte til Salomo for å høyra den visdomen Gud hadde lagt ned i hjartet hans.