23 Og alle kongane på jorda søkte til Salomo for å høyra den visdomen Gud hadde lagt ned i hjartet hans.
24 Kvart år kom dei med gåver til han, ting av sølv og gull, kapper, våpen, balsamoljar, hestar og muldyr.
25 Salomo hadde fire tusen stallplassar for hestar og vogner og tolv tusen ryttarar. Av dei plasserte han somme i vognbyane og somme hos seg sjølv i Jerusalem.
26 Han herska over alle kongane frå Eufrat til filistarlandet og heilt til grensa mot Egypt.
27 Kongen gjorde sølv like vanleg i Jerusalem som stein, og sedertre like vanleg som morbærtre i låglandet.
28 Dei henta hestar til Salomo frå Egypt og frå alle andre land.
29 Det som elles er å seia om Salomo, frå først til sist, det står skrive i boka til profeten Natan, i profetiane av Ahia frå Sjilo og i syna til sjåaren Iddo om Jeroboam, son til Nebat.