28 Dei henta hestar til Salomo frå Egypt og frå alle andre land.
29 Det som elles er å seia om Salomo, frå først til sist, det står skrive i boka til profeten Natan, i profetiane av Ahia frå Sjilo og i syna til sjåaren Iddo om Jeroboam, son til Nebat.
30 I førti år var Salomo konge i Jerusalem og rådde over heile Israel.
31 Så gjekk Salomo til kvile hos fedrane sine. Han vart gravlagd i byen til David, far sin. Rehabeam, son hans, vart konge etter han.