4 rettene på bordet hans, hoffmennene der dei sat, tenarane som varta opp, og kleda deira, munnskjenkane og kleda deira, og prosesjonen når han gjekk opp til Herrens hus, mista ho heilt pusten.
5 Ho sa til kongen: «Så var det då sant, det eg høyrde heime i landet mitt om deg og visdomen din!
6 Eg trudde ikkje det dei fortalde, før eg kom og fekk sjå det med eigne auge. Men no ser eg at dei ikkje eingong har fortalt meg halvparten om den store visdomen din. Du overgår alt eg har høyrt.
7 Lukkelege er mennene dine, og lukkelege er desse tenarane, som alltid får stå hos deg og høyra visdomen din!
8 Velsigna vere Herren din Gud, som hadde slik godvilje for deg at han sette deg på sin kongsstol som konge for Herren din Gud. Fordi din Gud har Israel kjært og vil halda folket oppe til evig tid, har han sett deg til konge over dei, så du skal fremja rett og rettferd.»
9 Så gav ho kongen eitt hundre og tjue talentar gull og ei stor mengd balsamoljar og edelsteinar. Det har aldri sidan vore slike mengder med balsamoljar i landet som det dronninga av Saba gav kong Salomo.
10 Mennene til Hiram og Salomo som henta gull frå Ofir, hadde òg med seg sandeltre og edelsteinar derifrå.