7 Lukkelege er mennene dine, og lukkelege er desse tenarane, som alltid får stå hos deg og høyra visdomen din!
8 Velsigna vere Herren din Gud, som hadde slik godvilje for deg at han sette deg på sin kongsstol som konge for Herren din Gud. Fordi din Gud har Israel kjært og vil halda folket oppe til evig tid, har han sett deg til konge over dei, så du skal fremja rett og rettferd.»
9 Så gav ho kongen eitt hundre og tjue talentar gull og ei stor mengd balsamoljar og edelsteinar. Det har aldri sidan vore slike mengder med balsamoljar i landet som det dronninga av Saba gav kong Salomo.
10 Mennene til Hiram og Salomo som henta gull frå Ofir, hadde òg med seg sandeltre og edelsteinar derifrå.
11 Av sandeltreet fekk kongen laga trapper til Herrens hus og kongeborga og lyrer og harper til songarane. Noko liknande hadde aldri vore å sjå i Juda før.
12 Kong Salomo gav dronninga av Saba alt det ho hadde lyst på og bad om, i tillegg til gåver som takk for det ho hadde hatt med til kongen. Så braut ho opp og drog heim att til landet sitt saman med tenarane sine.
13 Det gullet som Salomo fekk inn på eitt år, vog 666 talentar.