1 Då Saul var død og David var komen att etter sigeren over amalekittane, heldt han til i Siklag i to dagar.
2 Den tredje dagen kom det ein mann frå Sauls leir med sundrivne klede og med jord på hovudet. Då han kom fram til David, kasta han seg til jorda og hylla han.
3 David spurde han: «Kvar kjem du frå?» Han svara: «Frå Israelsleiren, eg slapp unna.»
4 Då sa David til han: «Fortel meg kva som har hendt!» Han svara: «Folket flykta frå slaget, og mange av dei fall og mista livet. Saul og Jonatan, son hans, er òg døde.»
5 David spurde ungguten som fortalde dette: «Korleis veit du at Saul og Jonatan, son hans, er døde?»