1 I Davids styringstid var det ein gong hungersnaud i tre samfulle år. Då søkte David råd hos Herren. Herren svara: «Det kviler blodskuld på Saul og hans hus fordi han drap folk i Gibeon.»
2 Kongen kalla då til seg gibeonittane og tala med dei. Gibeonittane var ikkje israelittar, men høyrde til dei amorittane som var att i landet. Endå israelittane hadde lova å skåna dei, hadde Saul prøvd å drepa dei, ihuga som han var for israelittane og judearane.
3 David sa til mennene frå Gibeon: «Kva skal eg gjera for dykk, og korleis kan eg gjera soning så de kan velsigna landet Herren eig?»
4 Gibeonittane svara: «Sølv eller gull frå Saul og hans hus løyser ikkje denne saka, og vi har ikkje rett til å drepa nokon i Israel.» Kongen spurde: «Kva vil de så at eg skal gjera for dykk?»
5 Dei svara: «Det gjeld den mannen som ville gjera ende på oss og sette seg føre å rydda oss ut frå Israels område.
6 Lat oss få sju av etterkomarane hans, så skal vi avretta dei for Herren i Gibea, heimbyen til Saul, Herrens utvalde.» Då sa kongen: «De skal få dei.»
7 Men kongen sparte Mefibosjet, son til Jonatan, son til Saul, fordi David og Jonatan, son til Saul, hadde svore kvarandre ein eid ved Herren.
8 Kongen tok dei to sønene som Saul hadde fått med Rispa, dotter av Ajja, Armoni og Mefibosjet, og dei fem sønene som Mikal, dotter av Saul, hadde fått med Adriel, son til Barsillai frå Mehola.
9 Han gav dei i hendene på gibeonittane, som drap dei oppe på fjellet for Herrens andlet. Slik kom dei av dage alle sju på ein gong. Dei vart drepne i dei første dagane av innhaustinga, tidleg i bygghausten.
10 Rispa, dotter av Ajja, tok sekkestrie og breidde ut på berget. På den vart ho sitjande frå kornskurden tok til og til regnet strøymde ned over dei døde frå himmelen. Ho såg til at fuglane under himmelen ikkje slo ned på dei om dagen, og at villdyra ikkje tok dei om natta.
11 Då David fekk høyra kva Rispa, dotter til Ajja, følgjekona til Saul, hadde gjort,
12 drog han av stad og henta knoklane av Saul og Jonatan, son hans, frå Jabesj i Gilead. Innbyggjarane der hadde i løynd teke lika bort frå torget i Bet-Sjean; der hadde filistrane hengt dei opp den dagen dei slo Saul på Gilboa.
13 David tok knoklane av Saul og Jonatan, son hans, derifrå; så samla dei saman knoklane av dei som hadde vorte drepne.
14 Dei gravla knoklane av Saul og Jonatan, son hans, i Sela i Benjamin, i grava til Kisj, far til Saul. Alt vart gjort slik kongen hadde sagt. Etter dette høyrde Gud bønene som igjen steig opp frå landet.
15 Endå ein gong braut det ut krig mellom filistrane og israelittane. David og mennene hans drog ned og kjempa mot filistrane. Men David vart trøytt og sliten.
16 Då tenkte Jisjbi-Benob, ein av etterkomarane av Rafa, å fella han. Jisjbi-Benob hadde eit bronsespyd som vog tre hundre sjekel, og han bar ei ny rustning.
17 Men Abisjai, son til Seruja, kom David til hjelp. Han slo filistaren i hel. Då svor Davids menn ein eid og sa: «Aldri meir skal du dra med oss ut i krigen. Du skal ikkje sløkkja Israels lampe.»
18 Sidan kom det til nye kampar med filistrane, ved Gob. Der felte husjitten Sibbekai ein mann som heitte Saf og var ein av etterkomarane av Rafa.
19 Endå ein gong kom det til slag med filistrane ved Gob, og Elhanan, son til Jaare-Orgim frå Betlehem, felte Goliat frå Gat, han som hadde eit spydskaft så tjukt som ein vevbom.
20 Sidan kom det til slag ved Gat. Der var det ein kjempehøg mann som hadde seks fingrar på kvar hand og seks tær på kvar fot, tjuefire fingrar og tær i alt. Han høyrde òg til Rafa-slekta.
21 Mannen spotta Israel. Men Jonatan, son til Sjima, som var bror til David, hogg han ned.
22 Alle desse fire høyrde til Rafa-slekta i Gat. David og mennene hans felte dei.