12 Heilt til kvelden heldt dei sørgjehøgtid og fasta og gret over Saul og Jonatan, son hans, over Herrens folk og Israels hus fordi dei var falne for sverd.
13 Så spurde David ungguten som hadde fortalt han dette: «Kvar er du frå?» Han svara: «Eg er son til ein innflyttar, ein amalekitt.»
14 Då sa David til han: «Korleis kunne du våga å leggja hand på Herrens salva og drepa han?»
15 David ropa på ein av sine unge menn og sa: «Kom hit og hogg han ned!» Mannen slo han i hel,
16 og David sa: «Ditt blod kjem over ditt eige hovud. For din eigen munn vitna mot deg då du sa: Eg har drepe Herrens salva.»
17 David stemde i denne likklaga over Saul og Jonatan, son hans,
18 og han baud at Juda-folket skulle læra denne klaga. Ho blir kalla «Bogen» og er oppskriven i «Boka til den rettvise»: