13 Så spurde David ungguten som hadde fortalt han dette: «Kvar er du frå?» Han svara: «Eg er son til ein innflyttar, ein amalekitt.»
14 Då sa David til han: «Korleis kunne du våga å leggja hand på Herrens salva og drepa han?»
15 David ropa på ein av sine unge menn og sa: «Kom hit og hogg han ned!» Mannen slo han i hel,
16 og David sa: «Ditt blod kjem over ditt eige hovud. For din eigen munn vitna mot deg då du sa: Eg har drepe Herrens salva.»
17 David stemde i denne likklaga over Saul og Jonatan, son hans,
18 og han baud at Juda-folket skulle læra denne klaga. Ho blir kalla «Bogen» og er oppskriven i «Boka til den rettvise»:
19 Din prydnad, Israel,ligg drepen på haugane dine.Falne er krigarane!