15 David ropa på ein av sine unge menn og sa: «Kom hit og hogg han ned!» Mannen slo han i hel,
16 og David sa: «Ditt blod kjem over ditt eige hovud. For din eigen munn vitna mot deg då du sa: Eg har drepe Herrens salva.»
17 David stemde i denne likklaga over Saul og Jonatan, son hans,
18 og han baud at Juda-folket skulle læra denne klaga. Ho blir kalla «Bogen» og er oppskriven i «Boka til den rettvise»:
19 Din prydnad, Israel,ligg drepen på haugane dine.Falne er krigarane!
20 Kunngjer ikkje dette i Gat,meld ikkje dette på gatene i Asjkalon!Filistardøtrene ville gleda seg,døtrene til dei uomskorne jubla.
21 De Gilboa-fjell,gjev det aldri må falladogg eller regn på dykk,gjev markene aldri må bera førstegrøde!For der låg tilsølte krigarskjold,Sauls skjold var ikkje smurt med olje.