4 Då sa David til han: «Fortel meg kva som har hendt!» Han svara: «Folket flykta frå slaget, og mange av dei fall og mista livet. Saul og Jonatan, son hans, er òg døde.»
5 David spurde ungguten som fortalde dette: «Korleis veit du at Saul og Jonatan, son hans, er døde?»
6 Guten som melde frå, svara: «Det laga seg så at eg var på Gilboa-fjellet. Der stod Saul og støtta seg på spydet sitt medan stridsvognene og ryttarane trengde hardt inn på han.
7 Han snudde seg og fekk auge på meg. Då ropa han på meg, og eg svara: Ja, her er eg.
8 Så spurde han: Kven er du? Eg svara: Eg er amalekitt.
9 Då sa han til meg: Still deg over meg og gjev meg dødsstøyten! For eg er i dødskrampe, men enno i live.
10 Så gjekk eg bort til han og gav han dødsstøyten, for eg skjøna at han ikkje hadde kunna overleva om han hadde falle. Eg tok krona han hadde på hovudet, og ringen han hadde rundt armen, eg kjem med dei hit til min herre.»