1 Ei tid etter døydde kongen over ammonittane, og Hanun, son hans, vart konge etter han.
2 Då sa David: «Eg vil gjera godt mot Hanun, son til Nahasj, slik far hans gjorde godt mot meg.» Så sende David nokre av mennene sine for å trøysta han i sorga over faren. Men då mennene til David kom til ammonittlandet,
3 sa dei ammonittiske feltherrane til Hanun, herren sin: «Trur du det er for å æra far din at David sender folk som skal trøysta deg? Nei, David har nok heller sendt mennene sine til deg for å spionera og utforska og endevenda byen.»
4 Då greip Hanun mennene til David. Han barberte av dei halve skjegget, klipte kleda deira i to opp til baken og sende dei frå seg.
5 Då David fekk melding om dette, sende han folk til møtes med mennene, for dei hadde vorte stygt vanæra. Kongen sa til dei: «Hald dykk i Jeriko til skjegget har vakse ut att. Så kan de koma heim.»
6 Ammonittane skjøna at dei hadde gjort seg hata av David. Dei sende ut folk og leigde 20 000 fotfolk av aramearane i Bet-Rehob og Soba, 1000 mann av kongen i Maaka og 12 000 mann frå Tob.
7 Då David høyrde dette, sende han Joab av stad med elitetroppane i hæren.