1 Året etter, på den tid då kongane plar fara i krig, sende David ut Joab med mennene sine, heile Israels-hæren. Dei herja mellom ammonittane og kringsette Rabba. Sjølv sat David heime i Jerusalem.
2 Ein gong ved kveldstid hende det at David stod opp frå senga si og gjekk og dreiv på slottstaket. Frå taket fekk han sjå ei kvinne som bada. Kvinna var svært vakker.
3 David sende bod og spurde seg føre om henne. Han fekk til svar: «Det er Batseba, dotter av Eliam og kona til hetitten Uria.»
4 David sende bod og henta henne til seg. Ho kom til han, og han låg med henne. Ho hadde nett reinsa seg etter at ho hadde vore urein. Sidan gjekk ho heim att.
5 Men kvinna hadde vorte med barn. Ho sende bod til David med orda: «Eg skal ha barn.»
6 Då sende David bod til Joab: «Lat hetitten Uria koma hit til meg.» Og Joab sende Uria til David.
7 Då Uria kom, spurde David korleis det stod til med Joab og hæren, og korleis det gjekk med krigen.