14 Morgonen etter skreiv David eit brev til Joab og sende det med Uria.
15 I brevet skreiv han: «Set Uria lengst framme, der striden er hardast. Trekk dykk så tilbake frå han, så han fell og mistar livet!»
16 Joab, som låg og vakta på byen, sette då Uria på ein stad der han visste det stod tapre krigarar.
17 Mennene i byen drog ut og gjekk til åtak på Joab. Nokre av krigarane til David fall, og hetitten Uria døydde òg.
18 Joab sende bod til David med melding om korleis det hadde gått i kampen.
19 Han gav bodberaren dette bodet: «Når du har fortalt kongen korleis det gjekk i kampen,
20 kan det henda at han fyk opp i sinne og seier: Kvifor kom de så nær inn til byen i kampen? De måtte då skjøna at dei ville skyta ned mot dykk frå bymuren!