22 Bodberaren tok ut og kom til David med den meldinga han hadde fått av Joab.
23 Han sa til David: «Fienden fekk overtaket og tok ut mot oss på open mark. Men vi dreiv dei tilbake til byporten.
24 Då skaut bogeskyttarane på oss oppe frå muren, og nokre av kongsmennene fall. Hetitten Uria, tenaren din, er òg død.»
25 Då sa David til bodberaren: «Sei til Joab at han skal ikkje la dette gå inn på seg. For sverdet råkar snart den eine, snart den andre. Han skal halda fram med å kjempa mot byen og riva han ned. Bed han vera ved godt mot.»
26 Då kona til Uria fekk høyra at mannen hennar var fallen, heldt ho sørgjehøgtid over han.
27 Men då sørgjetida var over, sende David bod og henta henne heim til seg. Ho vart kona hans, og ho fødde han ein son. Men det som David hadde gjort, var vondt i Herrens auge.