5 Men kvinna hadde vorte med barn. Ho sende bod til David med orda: «Eg skal ha barn.»
6 Då sende David bod til Joab: «Lat hetitten Uria koma hit til meg.» Og Joab sende Uria til David.
7 Då Uria kom, spurde David korleis det stod til med Joab og hæren, og korleis det gjekk med krigen.
8 Så sa David til han: «Gå no heim og vask føtene dine!» Og då Uria gjekk ut frå kongeborga, sende kongen ei gåve etter han.
9 Men Uria la seg i porten til kongeborga saman med alle tenarane til kongen. Han gjekk ikkje heim.
10 Då David fekk vita at Uria ikkje hadde gått heim, sa han til han: «Har du ikkje vore på reise? Kvifor har du ikkje gått heim?»
11 Uria svara David: «Både israelittane og judearane, og paktkista med, held til i hytter. Joab, herren min, og mennene til kongen ligg i leir på open mark. Skulle eg då gå heim, eta og drikka og liggja med kona mi? Ved ditt liv, så sant du lever, det gjer eg ikkje!»