8 Så sa David til han: «Gå no heim og vask føtene dine!» Og då Uria gjekk ut frå kongeborga, sende kongen ei gåve etter han.
9 Men Uria la seg i porten til kongeborga saman med alle tenarane til kongen. Han gjekk ikkje heim.
10 Då David fekk vita at Uria ikkje hadde gått heim, sa han til han: «Har du ikkje vore på reise? Kvifor har du ikkje gått heim?»
11 Uria svara David: «Både israelittane og judearane, og paktkista med, held til i hytter. Joab, herren min, og mennene til kongen ligg i leir på open mark. Skulle eg då gå heim, eta og drikka og liggja med kona mi? Ved ditt liv, så sant du lever, det gjer eg ikkje!»
12 Då sa David til Uria: «Ver her i dag òg! I morgon sender eg deg av stad att.» Så vart Uria verande i Jerusalem den dagen og dagen etter.
13 David bad han til seg, åt og drakk saman med han og skjenkte han full. Men om kvelden gjekk Uria og la seg på plassen sin saman med tenarane til herren sin. Heim gjekk han ikkje.
14 Morgonen etter skreiv David eit brev til Joab og sende det med Uria.