10 Frå no skal sverdet aldri vika frå ditt hus, sidan du har forakta meg og teke kona åt hetitten Uria.
11 Så seier Herren: Sjå, eg lèt ulukke koma over deg frå ditt eige hus. Eg vil ta konene dine beint for auga dine og gje dei til ein annan mann. Han skal liggja med dei midt på lyse dagen.
12 Du gjorde di gjerning i løynd, men eg vil la dette henda for auga på heile Israel midt på lyse dagen.»
13 Då sa David til Natan: «Eg har synda mot Herren.» Natan svara: «Så har òg Herren teke bort synda di. Du skal ikkje døy.
14 Men fordi du gjorde dette og forakta Herrens ord, skal han døy, sonen du har fått.»
15 Så gjekk Natan heim. Herren lét alvorleg sjukdom ramma guten som David hadde fått med kona til Uria.
16 David bad til Gud for guten og fasta strengt. Når han kom heim for å sova, la han seg på jorda.