19 Men David såg at mennene kviskra seg imellom, og han skjøna at guten var død. Han spurde dei: «Er guten død?» Dei svara: «Ja.»
20 Då reiste David seg frå bakken. Han vaska og salva seg og skifte klede. Så gjekk han inn i Herrens hus for å tilbe. Då han kom heim att, bad han om mat. Det sette dei fram, og han åt.
21 Tenarane sa til han: «Korleis er det du ber deg åt? Medan guten enno levde, fasta du og gret. Og no, når han er død, står du opp og et!»
22 Han svara: «Så lenge guten levde, fasta eg og gret, for eg tenkte: Kven veit om ikkje Herren miskunnar seg over meg og lèt guten leva?
23 Men no som han er død, kvifor skulle eg fasta? Kan eg henta han tilbake? Ein gong må eg fara dit han er, men han kjem aldri att til meg.»
24 David trøysta Batseba, kona si. Han gjekk inn til henne og låg med henne. Ho fødde ein son som ho kalla Salomo. Herren hadde han kjær.
25 Han sende bod med profeten Natan om at guten skulle kallast Jedidja – for Herrens skuld.