27 Så sende han bod til David og sa: «Eg har gjort åtak på Rabba og har teke Vassbyen òg.
28 Kall saman resten av hæren, kringset byen og ta han! Elles kjem eg til å ta byen, og mitt namn blir ropa ut over han.»
29 Då samla David heile hæren og fór til Rabba. Han gjekk til åtak på byen og tok han.
30 Han tok krona av hovudet på kongen deira. Ho var av gull og edle steinar og vog ein talent. No kom ho på Davids hovud. Frå byen tok han òg med seg eit stort hærfang.
31 Folket som budde der, førte han bort. Han sette dei til å arbeida med sager, jernhakker og jernøksar eller ved teglomnane. Slik gjorde David med alle ammonittbyane. Så fór han heim att til Jerusalem med heile hæren.